Tid for ti – nynorsk leseaksjon for elevar på 7. trinn

Leseaksjonen «Tid for ti» skal vise fram breidde og kvalitet i nynorsk litteratur for elevar på 7. trinn. Hovudinnhaldet i aksjonen er ein antologi med utdrag frå nynorske bøker skrivne for målgruppa. Opplaget er på 15 000 eksemplar og blir sendt til påmelde skular i januar 2016.

Foreningen !les har sendt ut invitasjonen nedanfor til alle skular i landet:

Til lærarar på 7. trinn!

I samarbeid med Nynorsksenteret lanserar Foreningen !les «Tid for ti», ein ny leseaksjon for elevar på 7. trinn. Aksjonen rettar seg både mot dei elevane som har nynorsk som hovudmål og elevar som skal ha nynorsk som sidemål på ungdomsskulen.

«Tid for ti» består av ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa. Til aksjonen følgjer også ei eiga nettside, tidforti.no (under arbeid), tekstar digitalt, lydfiler, aktivitetar og lærarressursar. Opplaget er på 15 000 og påmelding er etter første-til-mølla-prinsippet.

Boklista er som følgjer:

Keeper´n til Tunisia av Lars Mæhle
Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo
Drakeguten av Asbjørn Rydland
Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim
Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl
Rekrutten: grafisk roman av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton & John Aggs
Veslebror ser deg av Cory Doctorow

Påmelding her.

Finn du ikkje din skule, send skulens namn, kontaktperson, gateadresse og postnummer til: ole@foreningenles.no

Vh Ole Ivar Burås Storø
Foreningen !les
Tlf.: 941 29 000
www.foreningenles.no