Erfaringsdeling, frå sluttrapportane for prosjekt 2011-2012

Erfaringsdeling frå sluttrapportane for prosjekt 2011-2012

Midtvegsrapporteringa i januar viste at alle skulane hadde spreidd erfaringar frå prosjekta sine på ulike vis.

Sluttrapportane viser, som tidlegare år, at alle skulane har vor opptekne av å spreie informasjon til lærarar, elevar og foreldre på skulen. Dei nyttar ulike kanalar: Munnleg informasjon på personalmøte og foreldremøte, skriftleg informasjon via ranselpost og læringsplattform, og fleire brukar skulen si heimeside.

Spreiinga i kommunen skjer på rektormøte og på nettverksmøte for skulebibliotekarar i kommunen. Nokre har òg vore i kommuneleiinga og informert der.

Ein del skular har presentert prosjektet på ulike regionale samlingar for rektorar og skulebibliotekarar.

Dei skulane som har eiga heimeside har i mange høve informert om prosjektet der. Ganske mange har fått oppslag i ulike medium: TV, avisar på nett og i papirutgåve, andre nettstader.

Ein del skular har hatt besøk eller har vore på besøk hos andre skular, og har utveksla erfaringar på den måten.

Ein av skulane har halde foredrag for skulebibliotekstudentar.

Eit gjennomgåande trekk er at ressursskulane i løpet av to år etter måten har nådd lengre ut med erfaringsspreiing frå prosjekta sine, enn det prosjektskulane har rokke etter berre eitt år med prosjekt. Prosjektskulane har arbeidd mykje med informasjon til og involvering av tilsette, elevar og foreldre, og vore aktive på kommunenivå. Dette har òg ressursskulane gjort, men etter måten fleire av ressursskulane har informert om prosjekta sine på ulike regionale samlingar.

Tal frå dei 48 prosjektskulane og 10 ressursskulane

Internt på skulen Alle
I kommunen/bydelen 49
I regionen, til dømes ulike nettverk 13
Organisasjonar, til dømes NBF, SIN 1
Studentar 1
Medieoppslag: Tv, radio, avis på nett og papir 18
Skulen si heimeside 24
Deltaking i andre typar prosjekt (EYLP, SOL mm) 4
Erfaringsdeling med andre skular 11

Program for skolebibliotekutvikling 2011–2012:

Prosjektskoler: 51
Fylker: 17
Beløp: kr 5 373 000
Ressursskoler: 10
Fylker: 7
Beløp: kr 1 085 000
Samlet tildeling 2010–2011:
kr 6 458 000

 

Skoler og tildelingssummer 2011-2012 (pdf)
Søknadene ble behandlet i tråd med
vurderingskriteriene (pdf).

Kurs og kompetanseheving for skoler med prosjektmidler 2011–2012:

Prosjektskolene:
De nye skolene som får støtte til prosjekter skoleåret 2011-2012, har deltatt på 2 obligatoriske etterutdanningskurs à 2 kursdager.
Kurs 1 ble holdt på Gardermoen, Flesland og i Tromsø i september 2011.
Kurs 2 ble arrangeret på de samme kursstedene i februar 2012.

Ressursskolene:
De 10 skolene som har fått innvilget 2. års-søknad, har hatt prosjektsamling 27. og 28.10.2011 og møte for rektorer og skolebibliotekarer 28.03.2012.

Erfaringskonferanse 2012:

Tirsdag den 5. juni 2012 fant erfaringskonferansen 'Lærelyst og leseglede i skolebiblioteket' sted på Universitetet i Agder.