Erfaringsdeling frå sluttrapportane for prosjekt 2010–2011

Midtvegsrapportane i januar 2011 viste at dei 40 prosjektskulane og 8 ressursskulane var godt i gang med erfaringsspreiing, og at dei hadde planar om å nå vidare ut i løpet av våren.

I sluttrapportane går det fram at skulane no har informert om prosjekta på kommunenivå i ulike samanhengar. Typiske stader er rektormøte, skuleleiarmøte og nettverk for skulebibliotekarar.
Fleire skular har nådd utover eigen kommune. Dei nemner ulike regionale samlingar for skuleleiarar og skulebibliotekarar, og andre prosjekt skulen er med i.

Heimesidene til skulen er mykje brukt til å gjere kjent at skulen deltek i prosjektet, nesten alle dei skulane som har ei fungerande heimeside melder at dei nyttar den som informasjonskanal om prosjektet. Ein god del har fått oppslag i lokalpressa, gjerne i samband med at dei har ein ”kick-off” eller har eit eller anna spesielt arrangement på skulen der skulebiblioteket blir framheva.

Mange av skulane har hatt eller har vore på besøk hos andre skular og snakka om skulebiblioteket. Nokre har reist langt, andre har hatt besøk frå skular i eigen kommune for å inspirere dei til å satse på skulebiblioteket sitt.

Dei skulane som er praksisskular i lærarutdanning, seier dei har gjort studentane kjent med prosjektet, og slik prøvd å gjere studentane medvitne om korleis skulebiblioteket kan fungere som pedagogisk ressurs.

Tal frå dei 40 prosjektskulane og dei 8 ressursskulane.

Internt på skulen Alle
I kommunen/bydelen Alle
Regionen, t.d.bibl.nettverk/bibl.møte 13
Organisasjonar, t.d. NBF, SiN 11
Studentar (øvingsskule/praksisskule/foredrag på utdanningsinstiusjon) 6
Medieoppslag, oppslag både TV,nettsider, regionaviser og lokalaviser 16
Skulen si heimeside 30
Deltaking i andre typar prosjekt.(EYLP, SOL) 9
Erfaringsdeling med andre skular 28

Ressursskulane har lagt fram sine erfaringar både på erfaringskonferanse 7. juni på Universitetet i Agder, og i publikasjonen som blei gitt ut ved same høve. Alle ressursskulane er samstemte i at prosjektarbeidet har vore til stor nytte i deira skule.
I publikasjonen om ressursskulane finn de meir informasjon om dei einskilde modellane skulane har arbeidd med.


 

Program for skolebibliotekutvikling 2010–2011:

Prosjektskoler: 40
Fylker: 17
Beløp: kr 4 531 500
Ressursskoler: 8
Fylker: 8
Beløp: kr 1 007 500
Samlet tildeling 2009–2010:
kr 5 539 000

 

Skoler og tildelingssummer 2010–2011 (pdf)
Søknadene ble behandlet i tråd med
tildelingskriteriene (pdf).

Kurs og kompetanseheving for skoler med prosjektmidler 2010–2011:

Prosjektskolene:
De nye skolene som fikk støtte til prosjekter skoleåret 2010 - 2011, har deltatt på 2 obligatoriske etterutdanningskurs à 2 kursdager.
Kurs 1 ble holdt på Gardermoen, Flesland og i Tromsø i september 2010.
Kurs 2 er blitt avviklet på de samme kursstedene i februar 2011.

Ressursskolene:
De 8 skolene som har fått innvilget 2. års-søknad hadde prosjektsamling 4. og 5.11.2010 og møte for rektorer og skolebibliotekarer 28.03.2011

Erfaringskonferanse 2011:

Tirsdag den 7. juni 2011 fant erfaringskonferansen Tekstmangfald og tilpassa opplæring i skulebiblioteket’ sted på Universitetet i Agder.