Erfaringsdeling frå sluttrapportar for prosjekt 2009–2010

Om erfaringsdeling, frå sluttrapportane til prosjektskular 2009–2010

Skulane er bedne om å rapportere om korleis dei har spreidd erfaringane frå prosjektet. Det er svært ulikt frå skule til skule kor mykje vekt dei har lagt på erfaringsspreiing, nokre har deltatt på mange arenaer medan andre stort sett har halde seg til sin eigen kommune.

Rapportert erfaringsspreiing
Alle skulane melder at dei har delt erfaringar frå prosjekta sine internt på skulen. Prosjektet har vore tema på lærarsamlingar, planleggingsdagar, på elevsamlingar og foreldremøte.

Alle skulane har og vore aktive i å spreie informasjon om prosjektet i sin eigen kommune - dei aller fleste har hatt det som tema på rektormøte i kommunen, og/eller det har vore tema på kommunale skulebiblioteknettverk.

Nokre skular har hatt det som tema på fylkeskommunale samlingar for skulebibliotekarar, og på interkommunale skuleleiarsamlingar.

Fleire skular har lagt fram prosjektet sitt på samlingar arrangerte av organisasjonar - t.d. SiN (Skolebibliotekarforeningen Norge) og NBF (Norsk Bibliotekforening), også i samarbeid med Utdanningsforbundet.

Nokre få skular (praksisskular) melder at dei har hatt skulebibliotek som spesielt fokus i rettleiing av lærarstudentar.

Fleire skular har fått oppslag i media - både i regionalt fjernsyn og i regions- og lokalpressa.

Mange skular bruker nettet som informasjonskanal, og vi veit at det er fleire enn dei som har skrive om det i sluttrapporten sin.

Nokre få har deltatt i andre prosjekt, og brukt erfaringane frå skulebibliotekprosjektet her.

Fleire skular reflekterer noko vidare over temaet:

  • Bruk av skulebibliotek må komme tydelegare fram i lærarutdanninga. Nyutdanna lærarar har lite kunnskap om kva for ein ressurs skulebiblioteket er i undervisninga.
  • Dei kommunale nettverka fungerer ikkje alltid etter planen - det er ikkje møteplikt på slike nettverk, og når det er trongt om vikarar må slike nettverksmøte vike for å halde undervisninga i gang.
  • Ein må ikkje undervurdere kor mykje arbeid det er å spreie informasjon til dømes på nettet/lage gode nettsider.
Tala i tabell, oppgitt i rapportane:
Internt på skulen Alle
I kommunen Alle
Fylkeskommunen, t.d. bibl.netttverk/bibl.møte 11
Organisasjoner, t.d. NBF, SiN 6
Studentar (øvingsskole/praksisskole) 5
Medieoppslag,oppslag både TV, regionaviser og lokalaviser 7
Skulen si heimeside 15
Deltaking i andre typar prosjekt. (EYLP, SOL) 3

 

Program for skolebibliotekutvikling 2009–2010

Prosjektskoler: 34
Fylker: 14
Beløp: kr 4 933 200


Skoler og tildelingssummer 2009–2010 (pdf)
Søknadene ble behandlet i tråd med
tildelingskriteriene (pdf).

Kurs og kompetanseheving for skoler med prosjektmidler 2009–2010:

Prosjektskoler:
De nye skolene som fikk støtte til prosjekter skoleåret 2009–2010, har deltatt på 2 obligatoriske etterutdanningskurs à 2 kursdager.
Kurs 1 ble holdt på Gardermoen, Flesland og i Tromsø i september 2009.
Kurs 2 ble avviklet på de samme kursstedene i februar 2010.