Program for skulebibliotekutvikling – fyrste samling for dei nordnorske prosjektskulane

Den 09. og 10.09. 2009 var det samling i Tromsø med kurs for prosjektskulane frå Troms, Nordland og Nord-Trøndelag. Samlinga gjekk føre seg i Tromsø, og var starten på ein meget interessant men også litt utfordrande periode for dei skulane som har kome med.

Tromsø bibliotek og byarkiv

Skulane får ei samling over to dagar, og med dette temaet:

Ei ny tid for skulebiblioteket?

Program for skulebibliotekutvikling

– kurs 1 –

9. september 2009

13.00 – 13.15 Velkomen og opning

13.15 – 14.00 Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs i undervisninga v/ Siri Ingvaldsen

14.00 – 14.15 Pause

14.15 - 15.00 Informasjonskompetanse i skulen – samarbeid og planlegging v/ Siri Ingvaldsen

15.00- 15.30 Kaffipause

15.30 – 16.30 Prosjekt skulebibliotekutvikling 2009 – 2010 v/ Anne Kari Slettan

16.30 – 18.00 Ei ny tid for skulebiblioteket? – idémyldring med utgangspunkt i prosjektsøknadene

10. september 2009

09.00 – 09.30 Skulebiblioteket i møte med eit utvida tekstomgrep v/ Siri Ingvaldsen

09.30 – 10.00 Inspirasjonsøkt – presentasjon av Reinen skolev/ Inger Berg Wilhelmsen

10.00 – 10.30 Pause og utsjekking

10.30 – 11.30 Saman om lesing – skule, bibliotek, foreldre. Presentasjon av barne- og ungdomsbøker. v/ Tromsø bibliotek, skoletjenesten

11.30 – 12.00 Lesar søkjer bok v/ Tine Solvang

12.00 – 12.15 Avslutning

Utstilling av barne- og ungdomsbøker ved Tromsø bibliotek og byarkiv.

Litt om dei som heldt foredrag:

Siri Ingvaldsen er universitetslektor ved UiA og fagleg leiar for Program for skulebibliotekutvikling. Ho har utdanning frå Statens bibliotek- og informasjonshøgskole og Universitetet i Bergen med hovudfag i historie. Ingvaldsen har erfaring frå prosjekt innan kultur- og skulesektoren, mellom anna knytt til pedagogisk bruk av bibliotek og utvikling av informasjonskompetanse i skulen.

Inger Berg Wilhelmsen er skulebibliotekansvarleg ved Reinen skule i Tromsø. Ho er aktiv i Skolebibliotekarforeningen i Norge og i arbeid med skulebibliotek på kommunalt plan. Berg Wilhelmsen er lærar med tilleggsutdanning, mellom anna i skulebibliotekkunnskap. Ho har i mange år vore interessert i og involvert i skulebibliotek.

Tine Solvang er bibliotekansvarleg i Leser søker bok, ein allianse som arbeider for at alle skal ha tilgang til litteratur. Leser søker bok sørger for at det blir laga tilrettelagte bøker ved å gi støtte til forfattarar, illustratørar og forleggjarar. Alliansen arbeider og for at lesarane enkelt skal kunne finne fram til bøkene, både i handel og på bibliotek.

Anne Kari Slettan er seniorrågjevar ved Universitetet i Agder og prosjektkoordinator for Program for skulebibliotekutvikling. Ho har allmennlærarutdanning frå Kristiansand Lærerhøgskole og hovudfag i kristendomskunnskap frå Menighetsfakultetet. Slettan har arbeidd som lærar i ulike skuleslag i 10 år. Dei siste 10 åra har ho vore tilsett på Høgskolen i Agder/Universitetet i Agder, og har erfaring frå studieadministrasjon og studierettleiing der.


 

RSS-feed fra denne siden

 
Tildelinger 2009–2010

Prosjektskoler: 34
Fylker: 14
Beløp: kr 4 933 200

 
Tildelinger 2010–2011

Prosjektskoler: 40
Fylker: 17
Beløp: kr 4 531 500
Ressursskoler: 8
Fylker: 8
Beløp: kr 1 007 500
Samlet tildeling 2009–2010:
kr 5 539 000

 
Tildelinger 2011–2012

Prosjektskoler: 51
Fylker: 17
Beløp: kr 5 373 000
Ressursskoler: 10
Fylker: 7
Beløp: kr 1 085 000
Samlet tildeling 2010–2011:
kr 6 458 000

 
Tildelinger 2012–2013

Prosjektskoler: 51
Fylker: 15
Beløp: kr 4 918 000
Ressursskoler: 19
Fylker: 13
Beløp: kr 2 278 000
Samlet tildeling 2012–2013:
kr 7 196 000